-
Haggai 1
- 1 I andre styringsåret åt kong Darius, fyrste dagen i sette månaden, kom Herrens ord ved profeten Haggai til Zerubbabel Sealtielsson, jarl yver Juda, og til øvstepresten Josva Josadaksson:
- 2 So segjer Herren, allhers drott: Dette folket segjer: «Det er ikkje enno tid til å koma, tid til å byggja Herrens hus.»
- 3 Men so kom Herrens ord ved profeten Haggai:
- 4 Er det då tid for dykk sjølve å bu i dykkar bordklædde hus, medan dette huset ligg i øyde?
- 5 Og no segjer Herren, allhers drott, so: Agta på korleis det gjeng dykk!
- 6 De sår mykje, og haustar lite; de et og vert ikkje mette; de drikk og sløkkjer ikkje torsten; de klæder dykk og vert ikkje varme; leigetenaren fær si løn i ein botnelaus pung.
- 7 So segjer Herren, allhers drott: «Agta på korleis det gjeng dykk!»
- 8 Far til fjells og henta timber og bygg upp templet, so eg kann hava hugnad i det og syna meg herleg, segjer Herren.
- 9 De vona mykje og vann lite; de førde heim og eg bles det burt. Kvifor? segjer Herren, allhers drott. Jau, for mitt hus skuld, av di det ligg i øyde, medan de sjølve hev det annsamt kvar med sitt hus.
- 10 Difor hev himmelen meinka dykk dogg og jordi meinka dykk grøda.
- 11 Eg hev kalla turk yver land og fjell, yver korn og druvesaft og olje og alt som gror på marki, yver folk og fe og all dykkar arbeidsvinning.
- 12 Zerubbabel Sealtielsson og øvstepresten Josva Josadaksson og alt det som var att av folket lydde på Herren, sin Gud, og ordi frå profeten Haggai, av di Herren, deira Gud, hadde sendt honom; og folket bar age for Herren.
- 13 Og Herrens sendebod Haggai bar fram Herrens bod til folket: Eg er med dykk, segjer Herren.
- 14 Og Herren kveikte hugen hjå Zerubbabel Sealtielsson, jarlen yver Juda, og hjå øvstepresten Josva Josadaksson og hjå alle deim som var att av folket, so dei lagde i veg og arbeidde på huset åt Herren, allhers drott, deira Gud;
- 15 den fire og tjugande dagen i sette månaden i andre styringsåret åt kong Darius.
-
-
King James Version (kjv)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.