-
Job 42
- 1 Då svara Job Herren og sagde:
- 2 «Eg skynar at du allting kann; for deg er ingen plan umogleg.
- 3 Kven vil uvitug myrkja rådgjerd? Eg tala som ein fåvis mann um under som eg ikkje fata.
- 4 Å høyr no, lat meg få tala! Eg vil deg spyrja, lær du meg!
- 5 Fyrr høyrd’ eg berre gjete deg, no ser eg deg med eigne augo.
- 6 Difor eg tek det i meg att og tregar djupt i mold og oska.»
- 7 Då no Herren hadde tala desse ordi til Job, sagde han til Elifaz frå Teman: «Eg er harm på deg og dei tvo venerne dine, av di de hev ikkje tala rett um meg soleis som Job, tenaren min.
- 8 Tak difor sju uksar og sju verar, og gakk til Job, tenaren min, og ofra brennoffer for dykk; og lat Job, tenaren min, beda for dykk! For berre honom vil eg taka til nåde, so eg ikkje gjer ulukka på dykk, for de ikkje hev tala rett um meg soleis som Job, tenaren min.»
- 9 Og Elifaz frå Teman og Bildad frå Suah og Sofar frå Na’ama gjekk av stad og gjorde so som Herren hadde sagt til deim, og Herren høyrde Jobs bøn.
- 10 No vende Herren lagnaden for Job, då han bad for venerne sine; og alt det Job hadde ått, fekk han tvifald att.
- 11 Og alle brørne og systerne hans kom til honom, og like eins alle dei kjenningar han fyrr hadde havt, og dei åt og drakk med honom i huset hans. Og synte honom medynk og trøysta honom for all den ulukka som Herren ført yver honom, og kvar av deim gav honom ein gullpening og ein gullring.
- 12 Og Herren velsigna den siste livetidi åt Job meir enn den fyrste; han fekk fjortan tusund sauer og seks tusund kamelar og tusund par uksar og tusund asnor.
- 13 Og han fekk sju søner og tri døtter;
- 14 den eine av deim kalla han Jemima, den andre Kesia og den tridje Keren-Happuk.
- 15 Det fanst ikkje so væne kvinnor i heile landet som døtterne åt Job, og far deira let deim erva til liks med brørne deira.
- 16 Etter dette livde Job hundrad og fyrti år, og såg born og barneborn, fire ættleder.
- 17 Og Job døydde gamall og mett av dagar.
-
-
World English Bible (web)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.