-
Psalms 45
- 1 Til songmeisteren, etter «Liljor»; av Korahs born; ein salme til lærdom, ein song um kjærleik.
- 2 Mitt hjarta fløder yver med yndelege ord; eg kved den song eg hev gjort til ein konge; mi tunga er ein snarhendt skrivars penn.
- 3 Du er den fagraste av menneskjeborni, ynde strøymer yver dine lippor; difor hev Gud velsigna deg til æveleg tid.
- 4 Gyrd ditt sverd til di lend, du velduge, di høgd og din herlegdom!
- 5 Og far i din herlegdom fram med siger for sanning og spaklyndt rettferd! Og di høgre hand skal læra deg agelege storverk.
- 6 Din piler er kveste - so folk fell under deg - dei gjeng inn i hjarta på kongens fiendar.
- 7 Din kongsstol, Gud, stend æveleg og alltid, ein kongsstav med rettvisa er kongsstaven i ditt rike.
- 8 Du elskar rettferd og hatar gudløysa, difor hev Gud, din Gud, salva deg med fagnads olje framfor dine medbrør.
- 9 Av myrra og aloe og kassia angar alle dine klæde; frå filsbeinshallar fagnar deg strengleik.
- 10 Kongsdøtter er millom dine utvalde; dronningi stend ved di høgre hand i gull frå Ofir.
- 11 Høyr, dotter, og sjå og bøyg øyra til, og gløym ditt folk og ditt farshus,
- 12 og lat kongen hava hugnad i din fagerleik! for han er din herre, og du skal hylla honom.
- 13 Og Tyrus’ dotter skal søkja ditt ynde med gåvor - dei rikaste av folket.
- 14 Ovleg prud er kongsdotteri der inne; hennar klædnad er gjenomvoven med gull.
- 15 I utsauma bunad vert ho leidd til kongen; møyar, hennar vener, fylgjer etter henne; dei vert førde inn til deg.
- 16 Dei vert leidde fram med gleda og fagnad, dei gjeng inn i kongshalli.
- 17 I staden for dine feder skal dine søner koma; du skal setja deim til hovdingar utyver heile jordi. Eg vil setja ditt namn eit minne millom alle ætter; difor skal folki lova deg æveleg og alltid.
-
-
-
King James Version (kjv)
- Afrikaans
- Albanian
- Arabic
- Armenian
- Basque
- Breton
- Calo
- Chamorro
- Cherokee
- Chinese
- Coptic
- Croatian
- Czech
- Danish
- Dari
- Dutch
-
English
American King James Version (akjv) American Standard Version (asv) Basic English Bible (basicenglish) Douay Rheims (douayrheims) John Wycliffe Bible (c.1395) (wycliffe) King James Version (kjv) King James Version (1769) with Strongs Numbers and Morphology and CatchWords, including Apocrypha (without glosses) (kjva) Webster's Bible (wb) Weymouth NT (weymouth) William Tyndale Bible (1525/1530) (tyndale) World English Bible (web) Young's Literal Translation (ylt)
- English and Klingon.
- Esperanto
- Estonian
- Finnish
- French
- German
- Gothic
- Greek
- Greek Modern
- Hebrew
- Hungarian
- Italian
- Japanese
- Korean
- Latin
- Latvian
- Lithuanian
- Malagasy
- Malayalam
- Manx Gaelic
- Maori
- Mongolian
- Myanmar Burmse
- Ndebele
- Norwegian bokmal
- Norwegian nynorsk
- Pohnpeian
- Polish
- Portuguese
- Potawatomi
- Romanian
- Russian
- Scottish Gaelic
- Serbian
- Shona
- Slavonic Elizabeth
- Spanish
- Swahili
- Swedish
- Syriac
- Tagalog
- Tausug
- Thai
- Tok Pisin
- Turkish
- Ukrainian
- Uma
- Vietnamese
Favourite Verse
You should select one of your favourite verses.
This verse in combination with your session key will be used to authenticate you in the future.
This is currently the active session key.
Should you have another session key from a previous session.
You can add it here to load your previous session.